Har du nokon gong lurt på kva som skjer i cockpit medan du sit og slappar av med kaffikoppen din på veg til hovudstaden? I denne filmen får du eit innblikk i korleis ein slik flytur artar seg for flygarane til DAT.

Fyrst innhenting av klarering frå tårnet, så oppstart av motorane og avgang mot nord på Stord lufthamn. Ein høgresving mot aust sender oss forbi vindmølleparken på Fitjar og seinare over Folgefonna. 

Deretter startar innflyginga gjennom skyene inn mot Oslo og landing på Gardermoen, der flyet parkerer ved terminalbygget.

Sjå filmen her: https://youtu.be/eY13UaeTkSk
Video og foto: Thomas A. Hjelmen

Stikkord :
Del innlegg :