Slik såg det ut då 10 tyske småfly landa på Stord i pinsehelga. (Video)
På rekke og rad kom småfly av ulike slag til Stord på laurdag.

Flya kom alle frå Tyskland, via Danmark og Kristiansand lufthavn, Kjevik.

Du kan sjå video av landingane her: https://youtu.be/cy1pSXQJqCQ

Flya høyrde til ein tysk flyklubb og ein flyskule, og kom til Stord i to puljer. I tillegg kom det eit fly via Stavanger lufthavn, Sola tidlegare på dagen, slik at det til saman var 11 tyske småfly på lufthamna i helga.

På Sørstokken besøkte gjestene frå Tyskland medlemmar av Stord Flyklubb, som seinare tok dei med på guida tur i grupper over Sunnhordland.

Søndag gjekk turen vidare nordover, også då i to puljer og saman med fly frå Stord Flyklubb.

Foto: Thomas A. Hjelmen

Stikkord :
Del innlegg :

Send oss ein mail

Lokasjon

Flyplassvegen 344, 5410 Sagvåg

Opningstider

Mandag 05:30 – 15:00
Tirsdag 08:00 – 18:40
Onsdag 08:00 – 20:30
Torsdag 08:00 – 20:30
Fredag 08:00 – 19:20
Lørdag – Stengt
Søndag 12:00 – 19:20

Nyhetsbrev

Ønskjer du å halde deg oppdatert? Registrer deg her for å få tilsendt nyheitsbrevet vårt.

Copyright © 2022 Stord Lufthamn.