Julie ( venstre) og Nora tok turen ifrå Gullknapp i Arendal, i kvar sitt fly, på solo navigasjonstur som ein del av pilotutdanninga.
Turen gjekk rundt Sørlandet, og tok ca 2 timar med flytypen Cessna 172.
Vidare skulle dei returnera til Gullknapp, med forskjellige sjekkpunkt underveis.
Jentene utdannar seg til jobb som trafikkpilotar ved OSM Aviation Academy i Arendal, og trenar intensivt med flytimar, simulatortrening og teori.
På Stord hadde dei ein pause for å strekka på beina, og fekk kaffi og ein prat med ansatte ved lufthamna..
Me ynskjer jentene lukke til vidare med utdanninga.
Foto: Øystein Vik