Torsdag 24. april hadde lufthamna besøk av dronepilotar frå Læringslab. ved Høgskulen for Vestlandet.
Desse flyr til vanleg avanserte droner som nyttast til dømes til kartlegging, fotografering og film.
Dei hadde eit ynskje om å læra meir om drift og operasjonane tilknytt ein flyplass, i tillegg til utfordringar og lovverk iht droneflyging, i nærleiken og innanfor flyplassområdet.
Øystein Vik gjekk framførte ein presentasjon, der han var innom tema som luftrom, operasjonar på ein flyplass, rutinar og utdanning for ein flygar, samt sikkerheit og prosedyrar rundt lufthamndrift.
Det vart lagt ekstra vekt på rutinar iht droner i og rundt kontrollert og ukontrollert luftrom.
Etterpå fekk dei omvisning på dei forskjellige avdelingane, med besøk på brann og redning, trafikkavdelinga, tårnet og flyklubben.
Der fekk dei stilt spørsmål til dei som jobba på avdelingane, og sett korleis nokre av oppgåvene vart gjennomført i praksis. Me takkar for et veldig hyggjeleg besøk, og studentane ynskjer å komma attende til Stord lufthamn 31. mai for å sjå Stord Airshow.
Foto: Øystein Vik