Lufhamna fekk i dag besøk av 2 småfly av typen Cessna 172. Ombord var 4 hyggelege vaksne menn som hadde teke turen til Noreg frå Ansberg-Menden, som ligg i nærleiken av Dortmund i Tyskland.

Dei hadde leigd flya av sin lokale flyklubb for ein 5 dagars rundtur.

Dei har flydd frå Tyskland til aust i Sverige, vidare til Mariehamn på Åland, så vestover til Bergen og no til Stord. Her fekk dei drivstoff på flya sine og lufthamnselskapet spanderte kaffi på gjestene.

Etter bakkeopphaldet på Stord lufthamn gjekk turen vidare til Kristiansand og Kjeller før dei fortsette turen attende til Tyskland..

Foto: Thomas A. Hjelmen

På biletet ser ein ifrå venstre: Wolfgang, Axel, Eberhard og Cornelius

Foto: Øystein Vik

Stikkord :
Del innlegg :