Pilot Sigismond Monnet hadde i dag ladestopp på Stord med det elektriske flyet Beta Alia CX300, som han testflyg mellom Stavanger lufthavn, Sola og Bergen lufthavn, Flesland i samarbeid med Avinor, Bristow og CAA (Civil Aviation Authority).
Flyet vert testa på denne ruta grunna det varierte Vestlandsvêret og dei relativt korte avstandane mellom flyplassane.
Dagens test hadde som mål å testa flyet for instrumentflyging, men krava til rekkevidde ved slik operasjon gjorde at det måtte gjerast ei mellomlanding på Stord.
Monnet opplyser at den låge temperaturen på Vestlandet i dag reduserar flyets rekkevidde med om lag 10 %, samanlikna med sommartemperaturar.
På grunn av forholdet mellom vekt og rekkevidde har flyet verken varme- eller klimaanlegg. Sjølv om piloten er godt kledd, set han pris på ein god kopp kaffi og ein hyggeleg prat med flyplasspersonalet under ladestoppet.
Han framhevar at han det alltid er hyggeleg å komma Stord lufthamn, grunna gode fasilitetar og gjestfridom.
Monnet kjem frå Verbier i Sveits og har land erfaring som pilot, med bakgrunn frå seglfly, militære jagarfly og helikopter.
Han har nærare 10 000 flytimar og er framleis aktiv som militær pilot og instruktør.
Han likar Vestlandsnaturen godt og håpar å få tid til ein sightseeing-tur med bil mellom Stavanger og Bergen før heimreisa til Sveits mot slutten av månaden.
Det elektriske flyet som vitja Stord i dag skal testast på denne ruta ut januar, før det vert returnert til Bristow saman med rapportane frå testpilotane.
Desse rapportane vil vera viktige for den vidare utviklinga av elektriske fly og operasjonar med slike luftfartøy.

Foto: Jan Morten Myklebust