I førre månad var eit større DAT fly av typen ATR-72 innom lufthamna.

Flyet kom frå Ørland med passasjerar som ikkje kom seg til Stord etter at flyet frå Oslo til Stord vart kansellert kvelden før.

ATR-72 er «storebror» til ATR-42 som normalt trafikkerer ruta mellom Stord og Oslo, og har 76 seter. Det er 30 seter meir enn ATR-42.

I denne filmsnutten kan du sjå flyet lande på Stord lufthamn.
https://youtu.be/cwVPR0FsRac

Film og foto: Thomas A. Hjelmen


Stikkord :
Del innlegg :