Leander Horgen Erdal og Laurits Lønne Hårde har denne veka hatt arbeidsveka si på Stord lufthamn. Dei går begge på Nordbygdo Ungdomsskule.
Gutane bestemte seg for å ha arbeidsveka si på Stord lufthamn for å få sjå kva yrker som finnast på ei lufthamn. Begge gutane er svært interesserte i luftfart. Dei ynskjer begge ei framtidig yrkeskarriere som pilotar.
Dagane på lufthamna består av fleire forskjellige oppgåver slik som bagasjehandtering, innsjekk av passasjerar, vareopptelling, sikkerhetsinspeksjonar og inspeksjon av rullebanen.
Under arbeidsveka har gutane fått vera med på ein flytur Stord-Oslo-Stord. Under flyturen fekk gutane lov til å sitja i jumpseat i cockpit.
Gutane er særs nøgde med opphaldet på lufthamna der dei vart tekne godt i mot av dei tilsette i lufthamnselskapet.
Foto: Jan Morten Myklebust