SAMFERDSELSDEPARTEMENTET, v/samferdselsmininister Jon Ivar Nygård
Postboks 8010 DEP
0030 OSLO
Vår dato: 25.03.2022
Vår ref: 2022/4 – 10580/2022 / 060
Dykkar ref:


Søknad om å få flyruta Stord – Oslo innlemma i dei statlege FOT-rutene
Me søkjer med dette om å få flyruta Stord-Oslo innlemma i dei statlege FOT-rutene
med verknad frå 01. mai d.å. Me ynskjer ein ruteplan med 12 rundturar pr. veke. 2
rundturar pr. dag mandag-fredag samt 2 rundturar søndag. Me ynskjer samme
rutetider som ved tidlegare utlyste anbod.

Eit samla Storting vedtok i 2021 å innlemma flyruta Stord-Oslo i statens flyrutekjøp og
flyruta vart såleis lyst ut på staleg anbod over 3 perioder i 2021. April-juni, juli-september og oktober-desember. DAT vann samtlege anbod.

Me hadde ein god dialog med Samf.dep. og alle hadde me stor tru på at eit nytt
statleg anbod ville verta lyst ut like over nyåret. Midlar vart foreslått sett av til første
kvartal 2022, noko Stortinget slutta seg til, jf. Prop. 51 S (2021-2022), Innst. 119 S
(2021-2022). Skuffelsen var såleis stor då me fekk tilbakemeldinga frå Samf.dep. om
at det ikkje ville verta lyst ut noko nytt statleg anbod på Osloruta vår.

DAT var klare til å trekkja seg ut som flyoperatør på Osloruta, men valde å halda fram
flyginga med eit sterkt redusert flyprogram grunna ny avtale med Forsvaret om å
operera flyruta Ørland-Oslo.

DAT opererar no flyruta Stord-Oslo for eiga økonomisk risiko. Flyselskapet har nyleg
redusert antal rundturar pr. veke frå 12 til 7 på Osloruta vår. DAT nyttar flyet som til
dagleg er stasjonert på Stord luthamn til å operera Ørlandruta. Dette har medført
store endringar i rutetidene på Osloruta vår.

Morgonflyet på mandag og tirsdag har no avgangstid frå Stord kl. 06.30 mot tidlegare
kl. 07.00. Dette betyr at reisande frå Kvinnherad som reiser til Stord med hurtigbåt
ikkje lenger når morgonflyet desse dagane. Pendlarar som tidlegare nytta morgonflyet
frå Oslo kl. 09.30 til Stord på mandagar kan ikkje lenger nytta seg av dette flyet då ny
avgangstid frå Oslo no er kl. 11.30. Det er no kun på tirsdagar at ein kan reisa fram
og attende samme dag. Dei andre vekedagane går det kun eit fly. Laurdag er det
ingen flygingar. Søndagsavgangen frå Oslo har no avgangstid kl. 21.15 mot tidlegare
kl. 18.00.

Osloruta er viktig for det regionale næringslivet med Aker Solutions i spissen.
Lufthamna er viktig for beredskapen i regionen og er ofte besøkt av redningshelikopter
og ambulansefly. I oktober i 2020 vart lufthamna nytta som helikopterbase for
offshoretrafikk til plattformene i Nordsjøen grunna vektarstreik på Bergen lufthavn,
Flesland. Stord lufthamn avlastar Bergen lufthamn med treningsflyging av fly og
helikopter.

Utan ei Oslorute med minst 12 rundturar pr. veke er Stord lufthamn si
framtid sterkt truga.

Kabinfaktoren på Osloruta ligg no på 55%, men det vil enno gå noko tid før ruta igjen
kan drivast på kommersiell basis. For å unngå nye stopp i flytrafikken samt
permittering av tilsette må Osloruta snarast inkluderast i statens FOT-ruter.

Me har merka oss at rutene på strekninga Stokmarknes-Bodø, Stokmarknes-Tromsø,
Ørsta-Volda-Oslo og Florø-Oslo som Widerøe tidlegare flaug på kommersiell basis no
er tekne inn som statlege FOT-ruter frå 01. oktober 2021.

Aker Solutions har for tida godt med arbeide fram til og med 2027. Flyruta Stord-Oslo
er såleis svært viktig for å sikre gode vilkår for verftsindustrien i regionen.

Talet på privatreisande er for tida sterkt veksande.

Med helsing

Jon Askeland Gaute Straume Epland
Fylkesordførar Vestland fylkeskommune Ordførar Stord kommune

Foto: Thomas A. Hjelmen

Stikkord :
Del innlegg :