Me søkjer etter nye medarbeidarar i 100% fast stilling som lufthamnbetjent/HR-ansvarlege (stilling 1) og lufthamnbetjent (stilling 2). Lufthamnbetjenten er ein del av eit vaktlag som utfører brann- og rednings-teneste, brøyteteneste, sikkerheitsteneste og handling av fly. I tillegg vert det utført førefallande arbeid i plasstenesta, vedlikehald av rullande materiell, elektro- installasjonar samt bygg og anlegg.

Den som vert tilsett må ha:

Helse og fysikk som stør dei krava som til ei kvar tid er gjeldande for stillinga og som tilfredsstiller krava til røykdykkarteneste. Tilfredsstillande muntleg og skriftleg norsk- og engelskkunnskap, samt kunna nytta PC som arbeidsverkty. Søkjar må kunne legge fram uttømande politiattest.

Ønska kvalifikasjonar:

Stilling 1: Ha kjennskap til HR og gjerne ha tidlegare erfaring frå dette fagfeltet.

Stilling 1 og 2: Fagbrev innanfor relevante fag som t.d. mekanikar, elektrikar eller anna tilsvarande. Førarkort klasse C og utrykkings- sertifikat (Kode 160) samt maskinførarbevis og truckførar, eller forplikte seg til å ta dette innan perioden for prøvetid. Det vert lagt vekt på personlege eigenskaper og relevant erfaring frå liknande type drift.

Om deg:

Du er fleksibel, har stå på vilje og gode samarbeidseigenskapar samstundes som du evner å arbeide sjølvstendig. Gode personlege eigenskaper som stør opp om våre etiske krav og retningsliner. Den som vert tilsett må forplikte seg til å gjennomføra kurs og anna opplæring som Sunnhordland lufthavn AS meiner er naudsynt for stillinga.

Sunnhordland lufthavn AS tilbyr ein interessant og allsidig jobb. Me ynskjer mangfald i selskapet med tanke på kjønn, alder og kulturell bakgrunn. Me tilbyr gode pensjons- og forsikringsavtalar for våre tilsette.

Løn og tilsetjing:
Løn etter avtale. Skifttillegg vert utbetalt etter gjeldande satsar. Pensjonsordning. Det er 6 månaders prøvetid i stillinga.
Tiltreding: snarast mogleg
Arbeidstid: skiftarbeid i.h.t. arbeidsplan

Utfyllande opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til:
Aleksander G. Skjelsvik tlf. 913 44 862.
Søknad med CV kan sendast på mail til ags@stordlufthamn.no
innan 24.09.2024.

Stikkord :
Del innlegg :