
Ledig stilling: Sikkerheitskontrollør / trafikkassistent ved Stord Lufthamn
Har du eit skarpt blikk mot horisonten og beina planta på jorda – då kan karriera di ta av hos oss.
Me har ledig 100% vikariat som sikkerheitskontrollør / trakkassistent.
Jobben består m.a av fylgjande oppgåver:
• Sikkerheitskontrollør
• Innsjekk av passasjerar og bagasje
• Betjening av rutetelefon for flyselskapet
• Betjening av resepsjonen
• Billettsal
• Oppfølging av tapt og skada bagasje
Kvalikasjonar:
-Vektarutdanning
-Gjennomført og bestått vidaregåande skule
-Språk: minimum norsk og engelsk, munnleg og skriftleg
-Gode datakunnskapar (ein fordel om du er god på sosiale media)
-Gode haldningar og samarbeidsevner
-Bilsertikat
-Uttømmande politiattest
-Me vil tilby deg opplæring og nødvendig kurs for å verta godkjent sikkerheitskontrollør
Om deg:
Du er fleksibel, har stå på vilje og gode samarbeidseigenskapar, samstundes som du
evner å arbeida sjølvstendig. Den som vert tilsett forpliktar seg til å gjennomføra kurs og
anna opplæring som Sunnhordland Lufthavn AS meiner er naudsynt for stillinga.
Sikkerheitskontrollør / trafikkassistent
ved Stord Lufthamn
Løn og tilsetjing:
Løn etter avtale. Skifttillegg vert utbetalt etter gjeldande satsar.
Pensjonsordning.
Det er 6 månaders prøvetid i stillinga.
Tiltreding: snarast mogleg
Vikariat 100% med høve for fast stilling
Arbeidstid: skiftarbeid i.h.t. arbeidsplan
Sunnhordland Lufthavn AS tilbyr ein interessant og allsidig jobb. Me ynskjer
mangfald i selskapet med tanke på kjønn, alder og kulturell bakgrunn.
Utfyllande opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til
Therese Valdal eller Cecilie Wiik tlf. 53 40 37 00
Søknad med CV kan sendes til cw@stordlufthamn.no
eller Sunnhordland Lufthavn AS, Flyplassvegen 344, 5410 Sagvåg
