Stord Lufthamn - Din lokale flyplass




Lufthamna ligg svært gunstig plassert på vestsida av øya Stord. Frå Leirvik sentrum tek det ca. 18 minuttar med bil ut til lufthamna. Stord lufthamn er Sunnhordlandsregionen si lokale lufthamn.





Lufthamna vart opna i 1985 med ein rullebane på 1080 meter. Rullebanen har seinare blitt forlenga til 1460 meter. Nytt terminalbygg vart teken i bruk i august 2001.


Flyselskap

Flyselskapet Danish Air Transport (DAT) flyg 12 rundturar pr. veke på strekninga Stord-Oslo-Stord med flytypen ATR-42 med 46 passasjerseter. Flyturen mellom Stord og Oslo tek ca. 1 time.

Widerøe flyg charter på strekninga Stord-Molde-Stord. Flyselskapet flyg 6 rundturar pr. veke. Flyselskapet nyttar flytypen Dash 8/100 med 39 passasjerseter. Flyturen mellom Stord og Molde tek ca. 1 time. 


Eigarar

Flyplassanlegget er eigd av Stord kommune og vert driven av Sunnhordland Lufthavn A/S. Stord kommune eig 79% og Hordaland fylkeskommune eig 21% av lufthamnselskapet.




Klikk her for "live"-webkamera frå Stord Lufthamn.

For meir info om Sunnhordland sjå www.visitsunnhordland.no.