Stord lufthamn viktig for beredskapen i Sunnhordland

Luftambulansen og sjukebil.
Foto: Jan Morten Myklebust
Luftambulansen og sjukebil. Foto: Jan Morten Myklebust
(10.03.2021) Stord lufthamn viktig for beredskapen i Sunnhordland
Luftambulansen under landing.
Foto: Jan Morten Myklebust
Luftambulansen under landing. Foto: Jan Morten Myklebust
Stord lufthamn fekk i dag besøk av luftambulansen. Helikopteret var ute på oppdrag og skulle landa på Fitjar for å henta ein pasient.

Grunna sterk vind og mykje turbulens makta ikkje helikopteret å landa på Fitjar. 

Luftambulansen flaug vidare til Stord lufthamn der dei landa trygt og godt.

Etter ei lita stund kom ambulanse frå Fitjar med pasienten ombord og kort tid etterpå var pasienten på veg med helikopteret til Haukeland sjukehus i Bergen.

Dagens hending er eit godt eksempel på at lufthamna er viktig for beredskapen i Sunnhordland.

  
[ Gå til nyhetsoversikt ]

[ Gå til nyhetsarkiv ]