Samferdselsdepartementet lyser Osloruta ut på anbod |
|
 |
Stordflyet vert teke vel imot av brann- og redningstenesta
Foto: Øystein Skutle |
|
(23.02.2021) Samferdselsdepartementet lyser Osloruta ut på anbod |
|
Sunnhordland lufthavn AS hadde i går møte med Samf.dep. vedr. Osloruta. I møtet fekk lufthamnselskapet bekrefta at Samf.dep. i løpet av dei neste 2 vekene vil senda flyruta Stord-Oslo ut på anbod. Flyselskapa vil så få 2 veker på seg til å rekna på anbodet. Oppstart for ruteflyginga vert tidleg i april månad.
Samf.dep. vil i anbodet truleg ha 12 rotasjonar pr. veke på ruta. Det vert ein føremiddagsrotasjon og ein ettermiddagsrotasjon mandag-fredag samt 2 rotasjonar søndag ettermiddag/kveld.
Når det gjeld flystørrelse ser ein truleg føre seg fly av typen Dash-8 eller tilsvarande. I praksis betyr dette fly med 39 eller fleire passasjerseter.
Lufthamnadministrasjonen og dei tilsette på Stord lufthamn, Sørstokken ventar no i spenning på kva flyselskap som vinn anbodet. |
|
[ Gå til nyhetsoversikt ]
[ Gå til nyhetsarkiv ] |