 |  |  |  |  |  |  | Sjuketransport. Foto: Thomas A. HJelmen |  |  |  | |
Redningshelikopter nytta Stord lufthamn.
I forrige veke nytta Luftforsvarets 330 skvadron lufthamna til treningsflyging, i tidvis kraftige byger med vind, snø og hagl.
Du kan sjå video frå treninga her: https://youtu.be/DdcTXn14ADE
Men det er ikkje det einaste besøket helikopteret har hatt på Stord nyleg. Seinast søndag kveld landa det på lufthamna for å hente ein pasient som skulle til Haukeland sjukehus.
Desse nye redningshelikoptera, av typen Leonardo AW101 Merlin (og kjend som "SAR Queen" i Noreg), er for store til å landa ved Stord sjukehus, og nyttar derfor lufthamna til transport av pasienter.
Dei erstatter no den aldrande flåten med Sea King helikopter. |