Aker Solutions støttar Osloruta

Solnedgong på Stord lufthamn. Foto: Stord lufthamn
Solnedgong på Stord lufthamn. Foto: Stord lufthamn
(12.01.2021) Aker Solutions støttar Osloruta

Den nye verftssjefen på Aker Solutions på Stord sendte nyleg brev til samferdsleminister Knut Arild Hareide (KrF) der han av omsyn til verdiskaping og arbeidsplassar ber om at flyruta mellom Stord og Oslo blir vidareført.

Flyselskapet DAT innstiller ruta på ubestemt tid frå 24. januar som ein konsekvens av få reisande i pandemien, og tilsette ved Stord lufthamn blir permitterte.

Aker Solutions er landets største offshoreverft, med 1.700 eigne tilsette og i periodar fleire tusen tilreisande arbeidarar, kundar, leverandørar og samarbeidspartnarar. Verksemda er lufthamna på Stord sin største kunde, og brukar ruta Stord-Oslo dagleg til enkeltreiser og pendling mellom Stord og hovudkontoret på Fornebu, i tillegg til at våre mange samarbeidspartnarar, kundar og leverandørar også nyttar flyruta, skriv Henriksrud i brevet.

Samferdsleminister Knut Arild Hareide blir frå fleire hald beden om å sikra vidare drift av flyruta mellom Stord og Oslo. 

Han legg til at flyplassen i periodar også er viktig for charter-flygingar. I 2015 og 2016 hadde verftet ti vekevise flytransportar mellom Stord og Molde i tilknyting til oppgraderingsarbeidet på Nyhamna landanlegg.

Det sikra effektiv personellogistikk i prosjektet, og bidrog til at tilsette opplevde pendlartilværet mindre belastande. Tilsvarande har lufthamna spelt ei sentral rolle gjennom Covid-19-perioden, ved at det har vore mogleg å gjennomføra effektiv og trygg chartertransport av arbeidarar mellom Stord og Polen, skriv Henriksrud.

[ Gå til nyhetsoversikt ]

[ Gå til nyhetsarkiv ]