Stord Næringsråd støttar Osloruta

Stordflyet. Foto: Thomas Andre Hjelmen
Stordflyet. Foto: Thomas Andre Hjelmen
(07.01.2021) Stord Næringsråd støttar Osloruta

Stord Næringsråd ser med uro på at Stord Lufthamn og Oslo-ruta vert råka av koronakrisa når flyselskapet  DAT ser seg nøydt til å innstilla flygingane sine frå og med 24. januar.

Flyruta Stord-Oslo-Stord har over lang tid vore ei berekraftig flyrute med nærare 35.000 passasjerar i året. Grunna Covid-19 har det i 2020 vore stor reduksjon i tal reiser, og knappe 12.500 passasjerar har reist. Flyselskapet DAT har dei siste 11 åra flydd denne ruta for eiga økonomisk risiko. Ruta er såleis ei av få ruter på regionale lufthamner der staten ikkje bidreg med midlar til flykjøp. 

For vårt lokale næringsliv er Stord Lufthamn og flyruta Stord-Oslo-Stord viktig for mobiliteten og konkurransekrafta. Å kunna reisa til hovudstaden på ein trygg og kjapp måte er i mange samanhengar heilt nødvendig for å delta i møter og fremma saker som vedkjem næringslivet vårt. For dei mange som vekependler til og frå Stord, er flyplassen vår eit gode som vert satt stor pris på.

I den særs krevjande situasjonen me er i denne vinteren og våren, vert det avgjerande viktig at flyplassen på Stord får nødvendig økonomisk støtte. Når me kjem tilbake til ein meir normal kvardag, og aktiviteten tar seg opp igjen, treng me den viktige infrastrukturen som Osloruta er for næringslivet vårt.

Stord Lufthamn er også ein viktig arbeidsplass for eit tjuetals tilsette, som i mange år har gjort ein svært viktig og god jobb for samfunnet vårt.

Stord Næringsråd

Anne-Grete Sandtorv – dagleg leiar

[ Gå til nyhetsoversikt ]

[ Gå til nyhetsarkiv ]