Pressemelding vedr. Osloruta

(05.01.2021) Pressemelding vedr. Osloruta

Grunna Koronakrisa har DAT måtta innstilla flygingane sine på Osloruta frå og med 24. januar. I perioden frå nyttår og fram til 22. januar vil selskapet fly eit redusert flyprogram med 4 rotasjonar i veka. Det vert ein føremiddagsrotasjon på mandagar, ein ettermiddagsrotasjon på torsdagar, fredagar og søndagar.

Flyruta Stord-Oslo-Stord har over lang tid vore ei bærekraftig flyrute med nærare 35.000 passasjerar pr. år. Grunna Koronakrisa har det i 2020 reist knappe 12.500 passasjerar. DAT har dei siste 11 åra flydd denne ruta for eiga økonomisk risiko. Ruta er såleis ei av få ruter på regionale lufthamner der staten ikkje bidreg med midlar til flykjøp. 

Stord lufthamn og flyruta Stord-Oslo-Stord er viktig for konkurranseevna til det lokale næringslivet. Stord lufthamn er viktig for beredskapen i distriktet og vert ofte nytta i samband med søk- og redningsoppdrag samt ambulanseflyging. Lufthamna er også avlastningsflyplass for Bergen lufthavn, Flesland og vert mykje nytta til treningsflyging. Lufthamna vart nyleg nytta som offshore helikopterbase i samband med vektarstreik på Bergen lufthavn, Flesland.

Som ei fylgje av at Osloruta vert innstilt 24. januar har styret beslutta å senda ut permitteringsvarsel til dei tilsette med virkning frå 01. februar.

Administrasjonen i lufthamnselskapet jobbar vidare mot sentrale politikarar på Stortinget og i Regjeringa for å sikra at Osloruta vår får økonomisk støtte under Koronakrisa, og snarast vert innlemma i det statlege flykjøpet. Når slik støtte føreligg vil Osloruta starta opp att snarast.

Pressemelding frå DAT:

DAT må indstille flyvningerne fra Stord

Det er med beklagelse at DAT må indstille flyvningerne fra Stord midlertidigt. Sidste flyvning før Covid pause bliver fredag 22 januar.  

Flyvningerne forventes at blive genoptaget senere på året når Covid situationen viser bedring.

”Vi har haft et fortrinligt samarbejde med Stord Lufthavn og vi har sammen kæmpet for at holde ruten i live de sidste mange måneder” siger Direktør i DAT Jesper Rungholm og fortsætter ”Ledelsen på lufthavnen har virkeligt kæmpet for at få offentlig støtte til at opretholde flyvningerne men uden held og nu må vi stoppe”.

Den Norske stat har givet kontant tilskud til kommercielle ruter blandt andet på Florø hvor Widerøe flyver både fra Florø men også fra Førde som ligger inden for kort køre afstand af Florø, faktisk tættere på end Haugesund ligger til Stord.

”Jeg forstår ikke hvordan man kan yde tilskud til Florø men ikke Stord” siger Jesper Rungholm og afslutter ”Den eneste åbenbare forklaring er staten har valgt kun at støtte norske selskaber og ikke tager hensyn til lige behandling”

Ruten til Oslo flyver frem til 22 januar med en daglig afgang i hver retning på mandage, torsdage, fredage og søndage.  Billetter bookes på www.dat.dk

 

 

[ Gå til nyhetsoversikt ]

[ Gå til nyhetsarkiv ]