Besøk av Widerøe sin Dash-8-Q400

Dash-8Q400 på Stord lufthamn. Foto: Thomas A. Hjelmen
Dash-8Q400 på Stord lufthamn. Foto: Thomas A. Hjelmen
(30.09.2020) Besøk av Widerøe sin Dash-8-Q400

Større fly på flygingane til Polen.

Widerøe kjem i løpet av dei neste vekene til å setja inn større fly på charterflygingane sine mellom Stord og Gdansk, Polen.

Til no har desse flygingane vorte utført i hovudsak av Widerøe sine Dash-8-300 med 50 seter, men desse blir snart bytta ut med "storebror" Dash-8-Q400.

Denne er 7 meter lenger, har plass til 78 passasjerar, har snarare marsjfart og er meir stillegåande enn Dash-8-300 serien.

Med sine 32,8m, er flyet det lengste som nokon gong har operert på Stord lufthamn.

Dette bildet vart tatt i dag, då Widerøe frakta polske arbeidarar tilbake til Gdansk og Krakow.

 
 
[ Gå til nyhetsoversikt ]

[ Gå til nyhetsarkiv ]