DAT/Stordflyet attende på Stord lufthamn

Flott mottak av DAT sin ATR-42 ved ankomst på Stord lufthamn. Foto: Øystein Skutle
Flott mottak av DAT sin ATR-42 ved ankomst på Stord lufthamn. Foto: Øystein Skutle
(13.08.2020) DAT/Stordflyet attende på Stord lufthamn
DAT/Stordflyet ankom søndag kveld Stord lufthamn for fyrste gong på nesten 5 månader. Den førre flyginga til selskapet var 17 mars, då resterande flyprogram måtte innstillast grunna utbrotet av Covid-19 pandemien.

Ankomsten på søndag måtte derfor markerast på skikkeleg vis, noko lufthamna sine brannfolk tok seg av, då dei laga ein vannportal for flyet under taksing inn til flyoppstillingsplassen. 

For ruteprogram og bestillingar av flybillett sjå 
www.stordflyet.no

 
[ Gå til nyhetsoversikt ]

[ Gå til nyhetsarkiv ]