Storfint besøk på Stord lufthamn

Dash-8-Q400. Foto: Thomas A. Hjelmen
Dash-8-Q400. Foto: Thomas A. Hjelmen
(28.06.2020) Storfint besøk på Stord lufthamn
Dash-8-Q400. Foto: Thomas A. Hjelmen
Dash-8-Q400. Foto: Thomas A. Hjelmen

Storfint besøk på Stord lufthamn.

I dag, søndag, fekk lufthamna besøk av Widerøe sin Dash-8-Q400 maskin. Flytypen er det største av Dash-8 flya, og vart i dag det lengste passasjerflyet som nokon gong har landa på Stord, med sine 32,8 meter.

Widerøe hadde i dag 4 avganger frå Stord til Krakow og Gdansk, der passasjerane var polske gjestearbeidarar som skulle heim. Etter planen skulle alle flygingane utførast med Widerøe sine Dash-8-300 fly, men då det oppstod teknisk problem med eit av flya vart "storebror" Dash-8-Q400 sett inn på siste flyginga til Gdansk. Flyet har 82 passasjerseter samanlikna med Dash-8-300 som har 50 passasjerseter.

[ Gå til nyhetsoversikt ]

[ Gå til nyhetsarkiv ]