Travel dag på Stord lufthamn

Widerøe under avgang. Foto: Thomas A. Hjelmen
Widerøe under avgang. Foto: Thomas A. Hjelmen
(30.04.2020) Travel dag på Stord lufthamn
Widerøe under landing. Foto: Thomas A. Hjelmen
Widerøe under landing. Foto: Thomas A. Hjelmen
Widerøe klar for avgang. Foto: Thomas A. Hjelmen
Widerøe klar for avgang. Foto: Thomas A. Hjelmen

Travel dag på Stord lufthamn, Sørstokken.

Dagen i går vart hektisk på lufthamna, samanlikna med resten av dagane denne månaden, då Widerøe oppretta luftbru mellom Polen og Stord for polske arbeidarar som skulle tilbake på jobb ved Kværner Stord.

4 fly av typen Dash-8-300 kom i løpet av onsdagen frå henholdsvis Gdansk og Krakow til lufthamna. 3 av flya fortsette etter eit kort bakkeopphald vidare til Bergen lufthamn, Flesland. Det 4. flyet gjekk til OSL. 

Dette skal ha vore dei fyrste passasjerflygingane ut frå Krakow lufthamn sidan lufthamna vart stengd i samband med Covid-19 utbrotet. Det same gjeld for Stord lufthamn.

Sjølv om Widerøe sine fly har plass til omlag 50 passasjerar, var det berre 25 personar om bord på kvar flyging, dette for å oppretthalda sikker avstand mellom passasjerane.

Dei reisande vart sendt i land i små puljer der dei vart møtt av representantar frå politi og tollvesen, før dei vart frakta til Kværner Stord i buss
[ Gå til nyhetsoversikt ]

[ Gå til nyhetsarkiv ]