Formannskapet i Stord vedtok å konvertera eigarlån til aksjekapital

Lufthamna i solnedgang. Foto: Stord lufthamn
Lufthamna i solnedgang. Foto: Stord lufthamn
(22.04.2020) Formannskapet i Stord vedtok å konvertera eigarlån til aksjekapital
Formannskapet i Stord vedtok i dag å konvertera eit eigarlån til lufthamnselskapet pålydande kr 2.370.000 til aksjekapital. Saka skal seinare opp i kommunestyret.

Lufthamnselskapet har og søkt Vestland fylkeskommune om å få konvertert liknande lån pålydande kr 636.000.

Dersom begge eigarane konverterar låna til aksjekapital vil eigenkapitalen i selskapet verta styrka. Dagens aksjekapital er på kr 2.000.000. 

[ Gå til nyhetsoversikt ]

[ Gå til nyhetsarkiv ]