Lufthamnselskapet søkjer Stord kommune og Vestland fylkeskommune om konvertering av eigarlån til aksjekapital

Stord lufthamn i solnedgang. Foto: Stord lufthamn
Stord lufthamn i solnedgang. Foto: Stord lufthamn
(16.04.2020) Lufthamnselskapet søkjer Stord kommune og Vestland fylkeskommune om konvertering av eigarlån til aksjekapital
Lufthamnselskapet har søkt eigarane, Stord kommune og Vestland fylkeskommune, om konvertering av eigarlån til aksjekapital.

Lånet til Stord kommune pålydande kr 2.370.000 og lånet til Vestland fylkeskommune pålydande kr 636.000 har ikkje vorte betalt avdrag og renter på dei siste 12 åra.

For å styrkja eigenkapitalen i selskapet ber no lufthamnselskapet om at låna vert omgjorde til aksjekapital. Dagens aksjekapital i selskapet er på kr 2.000.000.
[ Gå til nyhetsoversikt ]

[ Gå til nyhetsarkiv ]