1 million reisande over Stord lufthamn

Fred Joar Litlabø. Foto: Thomas A. Hjelmen
Fred Joar Litlabø. Foto: Thomas A. Hjelmen
(03.03.2020) 1 million reisande over Stord lufthamn
Stadig fleire reiser over Stord lufthamn. 

Då ein nyleg såg over passasjertala som er registrert sidan lufthamna opna i 1985, vart det oppdaga at me hadde passert ein million reisande over Sørstokken.

Den heldige personen som gjorde at lufthamna bikka millionen var Fred Joar Litlabø frå Stord. Lite visste han at han hjalp lufthamna med å nå denne milepælen då han steig om bord i Stordflyet ein tidleg morgon i november i fjor. Då lufthamna kontakta han i førre veke for å fortelje dette, trudde han først det måtte vere ein spøk.

I dag tok Fred Joar turen utom lufthamna, der trafikkassistent Magnhild Agdestein kunne overrekke blomar og eit gåvekort på gratis reise t/r med Stordflyet. Han var godt nøgd med dette og kunne fortelja at han har reist ofte over Sørstokken, som regel i jobbsamanheng.

Stord lufthamn gratulerer Fred Joar, og vil samtundes takke alle reisande som har benytta seg av lufthamna gjennom våre 35 år.
 
[ Gå til nyhetsoversikt ]

[ Gå til nyhetsarkiv ]