Biltema med Spitfire og Mustang til Stord Airshow 2020

(17.02.2020) Biltema med Spitfire og Mustang til Stord Airshow 2020

Biltema kjem til Stord Airshow med sine to legendariske fly Spitfire og P-51 Mustang.


Flya spelte ei serdeles viktig rolle under andre verdskrig, og bidrog til at dei allierte styrkane gjekk seirande ut krigen. Begge flya er kjende for den flotte lyden frå sine Rolls Royce Merlin motorar.


Spitfire var sist på Sørstokken i 2016, medan ein må nærare 20 år tilbake til sist det var ein P-51 Mustang på Stord. Under Stord Airshow 2020 flyg begge flya oppvisning.


Billettar kan du kjøpe her: https://www.linticket.no/page/no/event/20/2681

[ Gå til nyhetsoversikt ]

[ Gå til nyhetsarkiv ]