Baltic Bees kjem til Stord Airshow 2020

Baltic Bees. Foto : Baltic Bees
Baltic Bees. Foto : Baltic Bees
(21.01.2020) Baltic Bees kjem til Stord Airshow 2020
Baltic Bees. Foto : Baltic Bees
Baltic Bees. Foto : Baltic Bees
Baltic Bees. Foto : Jørgen Nilsson
Baltic Bees. Foto : Jørgen Nilsson

Stord lufthamn markerer 35 års jubileum med å arrangere Stord Airshow 2020, laurdag 13. juni. I den anledning er det med stor glede me no kan annonsere at det Latviske oppvisningsteamet «The Baltic Bees» kjem til Stord Airshow 2020.

Teamet vart danna i 2008, og flyr i dag 6 jetfly av typen Aero L-39 Albatross, frå sin base ved Jûrmala lufthamn i Latvia. Baltic Bees har etablert seg som eit profesjonelt team som er anerkjent på airshow både i Europa og ute i resten av verda. Ved slutten av 2019 turnerte dei mellom anna på flystemner i Kina.  

Flytypen L-39 vart utvikla i det tidlegare Tsjekkoslovakia og nyttast som treningsfly over heile verda. Det har to seter og vert rekna som eit trygt og stabilt treningsfly, for flygarar som seinare skal ta steget opp for å fly jagarfly.

The Baltic Bees flyg oppvisning med tette formasjonar med sine 6 fly, men innslaga deira består i tillegg av tandem- og solo oppvisning. Publikum får dermed sjå eit variert program med presisjonsflyging og halsbrekkande manøvrer.

Teamet har aldri flydd oppvisning i Noreg tidlegare, så oppvisninga på Stord Airshow blir som ein noregspremiere å rekne. Eit så stort og spektakulært innslag er noko me aldri før har sett på Stord, så me vil tru det blir ei flott oppleving for dei oppmøtte.

Lufthamna jobbar med å få på plass andre spanande innslag til airshowet, og ser fram til å annonsere desse etter kvart.

Om alt går etter planen vert Stord Airshow 2020 utan tvil det største arrangementet i lufthamna si historie.
 
Meir informasjon om arrangementet finn ein på
www.stordairshow.no, og vårt facebook arrangement «Stord Airshow 2020».

Billettar til Stord Airshow vert mulig å kjøpa på nettsida frå fredag 24. januar 2020.
 

[ Gå til nyhetsoversikt ]

[ Gå til nyhetsarkiv ]