Positiv trafikkutvikling på lufthamna i november

Stord lufthamn. Foto: Stord lufthamn
Stord lufthamn. Foto: Stord lufthamn
(13.12.2019) Positiv trafikkutvikling på lufthamna i november
Pr. utgongen av november 2019 har totalt 36.298 personar reist over Stord lufthamn. Samanlikna med samme periode i fjor er dette ein auke på 2.020 personar eller 5,89%.

35.798 av dei reisande har nytta seg av Stordflyet si Oslorute. Samanlikna med samme periode i fjor utgjer dette ein auke på 1.598 personar eller 4,67%.

For å ta unna juletrafikken set Stordflyet opp 3 ekstrafly. Det vert ekstrafly 20., 23. og 27. desember.

I sommar har Stordflyet sett opp sommarrute til Billund og Bornholm.

Bestill flybilletten din her
[ Gå til nyhetsoversikt ]

[ Gå til nyhetsarkiv ]