Stordflyet med sommarrute til Billund og Bornholm

(26.11.2019) Stordflyet med sommarrute til Billund og Bornholm

Fly med DAT til ei av Europas beste ferieøyer

Flyselskapet DAT utvidar rutenettet til Bornholm med fleire avgangar frå fleire lufthamner neste sommar.

Frå neste sommar vil Stordflyet/DAT fly frå Stord til Bornholm via Billund. Flyvingar til Bornholm vil vera tilgjengelege kvar fredag i juli og den første fredagen i august 2020. Mellomlandinga i Billund vil berre vera på 30 minuttar, noko som gjer at reisetida frå Stord til Bornholm er unnagjort på 3 timar og 5 minuttar. Flyvingane tilbake frå Bornholm er lagt til søndagane.  

«Vi er glade for å kunne tilknytte fleire stadar til den nydelege øya Bornholm. Øyas turisme er i vekst og ventar ytterlegare vekst i åra som kjem. Større etterspurnad har gjeve oss høve til å opne fleire ruter til Bornholm frå fleire lufthamner, og med fleire avgangar til sommaren,» seier Jesper Rungholm, direktør hos DAT.

«Vi er veldig positive til at DAT no utvidar tilbodet for sommaren,” seier lufthamnsjef Jan Morten Myklebust på Stord Lufthamn. ”Bornholm er ei flott øy og vi er glade for å kunne legge til rette for at det skal vera enkelt å koma seg dit.” Lufthamnsjefen nyttar samstundes høve til å skryte av DAT som no grunna stor pågang har satt inn ekstra rotasjonar på Osloruta i høve jula.

Bornholm er kalla ei av Europas beste ferieøyer

Verdas største reisemagasin, Condé Nast Traveler, har bedt deira 600.000 lesarar om å stemme på deira favorittdestinasjon. Bornholm har blitt valt til den nest beste ferieøya i Europa, framfør Kreta, Sicilia, Ibiza og Mallorca.

“Bornholm er populær som aldri før og både danskar og andre vel hyppigare Bornholm som deira feriedestinasjon. Det er derfor vi også er glade for at DAT utvidar og gir fleire høve for folk til å velje Bornholm,» seier Pernille Kofod Lydolph, direktør i Destination Bornholm.

Vi er stolte og glade for å vera ein del av Bornholm sin suksesshistorie, og vi ser fram til å vera ein del av Bornholms vekst,» fortset Jesper Rungholm.



Opplev Bornholm

På Bornholm kan du oppleve ein overveldande og nydeleg natur. Du kan slappe av på ei av Europas nydelegaste finkorna sandstrender og bade i krystallklårt vatn, eller gå på tur blant flotte klippar langs kysten. Øya byr på utandørs aktivitetar for alle og ein kvar. Du kan rappellera, sykla, seila, padla kajakk og mykje meir. I fleire tiår har handverkarar utforska øya, og øya har også blitt utnemnt World Craft Region grunna den høge kvaliteten på handverket. I tillegg burde ein tur til øya inkludere ein smak av dei mange lokale spesialitetane innafor mat og delikatesse, og ein tur innom dei mange gode restaurantane på øya.

DATs kundar får tilbod om ein spesialpris på billeige på Bornholm. Når du landar på flyplassen kan du lettvint hente leigebilen din og starte utforskinga av øya.

Book leigebil frå Europcar på europcar.dk/dat

Ein rask tur til hovudstaden

Med opp til 7 avgangar dagleg flyr DAT ofte mellom Bornholm og København. Om du har behov for ein rask getaway i byen tek flyturen med DAT frå Bornholm til København berre 40 minuttar.

Bestill din flybillett her

 

[ Gå til nyhetsoversikt ]

[ Gå til nyhetsarkiv ]