Møte i Local Runway Safety Team

Møte i Local Runway Safety Team. Foto: Jan Morten Myklebust
Møte i Local Runway Safety Team. Foto: Jan Morten Myklebust
(31.10.2019) Møte i Local Runway Safety Team
Robert Skogvold informerte om regelverk for droner. Foto: Jan Morten Myklebust
Robert Skogvold informerte om regelverk for droner. Foto: Jan Morten Myklebust
Onsdag 30. oktober vart det arrangert møte i Local Runway Safety Team for Stord lufthamn.

Tema på møtet var rullebanesikkerhet. Deltakarar på møtet er tilsette på lufthamna, lufttrafikktenesta i Avinor Flysikring AS på Bergen lufthavn, Flesland, flynavigasjonstenesta i Avinor AS, flyselskapet DOT, Stord Flyklubb og Bergen Aero Klubb.

Robert Skogvold representerte dronenæringa på møtet. Robert framførte ein fin presentasjon om regelverket som droneoperatørane i dag må forhalda seg til.

Møte i Local Runway Safety Team vert arrangert ein gong pr. år. I tillegg arrangerar lufthamnselskapet lokale flytryggingsmøter 2 gonger i året. 

   
[ Gå til nyhetsoversikt ]

[ Gå til nyhetsarkiv ]