Besøk av KLM

KLM på besøk. Foto: Thomas A. Hjelmen
KLM på besøk. Foto: Thomas A. Hjelmen
(07.10.2019) Besøk av KLM
KLM på besøk. Foto: Thomas A. Hjelmen
KLM på besøk. Foto: Thomas A. Hjelmen

Det er ikkje kvar dag me ser hale-logoen til eitt av verdas største flyselskap på Stord lufthamn for tida, men i går var altså dette flyet i KLM fargar innom flyplassen.

Men om du tenker at KLM no har starta direkterute mellom Stord og Amsterdam, dog med eit litt beskjedent valg av flytype, så må me nok skuffe deg.

Flyet er operert av KLM Aeroclub som er ein eksklusiv flyklubb for KLM sine ansatte. Flyklubben vart danna i 1970 av eit par entusiastiske flyteknikere, og har i dag meir enn 200 aktive medlemer.
Flyet av typen Piper PA-28 Archer, var eitt av mange småfly som nytta Sørstokken i går, og har til dagleg base i KLM Aeroclub sin hangar på Lelystad lufthamn i Nederland.

[ Gå til nyhetsoversikt ]

[ Gå til nyhetsarkiv ]