Lufthamnselskapet søkjer Stord kommune og fylkeskommunen om lån

Stord lufthamn. Foto: Jørgen Myklebust
Stord lufthamn. Foto: Jørgen Myklebust
(26.09.2019) Lufthamnselskapet søkjer Stord kommune og fylkeskommunen om lån
Sunnhordland lufthavn AS har søkt Stord kommune og Hordaland fylkeskommune om eit lån på kr 18.000.000. Lånet skal nyttast til å byggja nytt kontrolltårn, utviding av terminalbygg samt oppgradering av brøyteutstyr.

Stord kommune skal handsama søknaden i formannskapsmøte 02. oktober og seinare i oktober i kommunestyret. Stord kommune skal stå for 79% av lånet medan Hordaland fylkeskommune skal bidra med 21%. Fylkeskommunen skal handsama lånesøknaden i samband med budsjettet for 2020.
[ Gå til nyhetsoversikt ]

[ Gå til nyhetsarkiv ]