Mange besøkjande på DAT sitt 10-års jubileum |
|
 |
Populært hoppeslott for borna. Foto : Jan Morten Myklebust |
|
(02.09.2019) Mange besøkjande på DAT sitt 10-års jubileum |
|
 |  |  |  |  |  |  | Stor bursdagskake. Foto : Jan Morten Myklebust |  |  |  | |  |  |  |  |  |  |  | Mange besøkjande. Foto : Jan Morten Myklebust |  |  |  | | Laurdag 31. august vart det feira at Danish Air Transport (DAT) har vore flyoperatør på Osloruta i 10 år. Mange tok turen ut til lufthamna for å ta del i feiringa.
Publikum fekk servert marsipankake samt danske røde pølser. Borna fekk høve til å aktivisera seg i hoppeslottet som ein hadde fått låna frå Fylkesnes Bil AS. Borna fekk også høve til å sitja i brannbilen samt prøva pilotsetet i Bergen Aero Klubb sitt fly.
Publikum fekk også høve til å gå om bord i Stordflyet. Dei som ynskte det kunne kjøpa seg billett og vera med på ein 30 minuttars flytur over Sunnhordland. Om ein var heldig å treffa blink med eigeprodusert papirfly var det mogleg å vinna seg ein flybillett Stord-Oslo t/r.
Stordflyet hadde også jubileumstilbod på flybilletter på Osloruta denne dagen. |
|
[ Gå til nyhetsoversikt ]
[ Gå til nyhetsarkiv ] |