Mange reisande over Stord lufthamn i juli

Rullebanen på Stord lufthamn. Foto: Stord lufthamn
Rullebanen på Stord lufthamn. Foto: Stord lufthamn
(12.08.2019) Mange reisande over Stord lufthamn i juli
I juli reiste 2.400 personar med fly over Stord lufthamn. Samanlikna med samme månad i fjor utgjer dette ein auke på 558 personar eller 30,3%.

Pr. utgongen av juli 2019 har det reist 22.085 personar over lufthamna. Samanlikna med samme periode i fjor utgjer dette ein auke på 1.121 personar eller 5,3%.

Osloruta hadde pr. juli i år 21.759 reisande. Samanlikna med fjoråret utgjer dette ein auke på 855 personar eller 4,1%.
Grunna godt belegg på Osloruta set Stordflyet frå 02. september i år inn ein ekstra rotasjon på Osloruta på mandagar. Nye avgangstider vert kl. 10.00 frå Stord med retur frå Oslo kl. 15.00. Stordflyet vil no ha 15 rotasjonar pr. veke på Osloruta.

Også den nye sommarruta til Billund har hatt godt belegg. Så langt har 439 personar nytta seg av denne ruta i sommar. Kabinfaktoren ligg på 68%. Siste tur til BIllund går neste weekend. 
[ Gå til nyhetsoversikt ]

[ Gå til nyhetsarkiv ]