Stordflyet arrangerte brukarmøte

Frå venstre Jesper, Robert og Michael frå DAT. Foto: Jan Morten Myklebust
Frå venstre Jesper, Robert og Michael frå DAT. Foto: Jan Morten Myklebust
(11.05.2019) Stordflyet arrangerte brukarmøte
DAT sin Cessna Citation. Foto: Jan Morten Myklebust
DAT sin Cessna Citation. Foto: Jan Morten Myklebust
Torsdag denne veka arrangerte Stordflyet brukarmøte. Møte fann stad hjå Kværner Stord. Me takkar Edgar Inge Damås for at han ordna møtelokale og god servering.

Det har no vorte ein årleg tradisjon at flyselskapet DAT arrangerar eit møte med brukarane av Stordflyet. På møtet diskuterar flyselskapet og brukarane mellom anna dagens og framtidas flyprogram på Osloruta. Nytt av året er at flyselskapet tilbyr weekendturar frå Stord til Billund i sommar.

På møtet vart det også føreteke ein gjennomgang av spørreundersøkinga som nyleg vart føreteke blant passasjerane på Stordflyet. Undersøkinga viste at passasjerane er godt nøgde med jobben som Stord lufthamn og Stordflyet gjer.
[ Gå til nyhetsoversikt ]

[ Gå til nyhetsarkiv ]