 |  |  |  |  |  |  | Antonov 28. Foto: Thomas A. Hjelmen |  |  |  | |  |  |  |  |  |  |  | Cockpit. Foto: Thomas A. Hjelmen |  |  |  | |  |  |  |  |  |  |  | Cockpit. Foto: Thomas A. Hjelmen |
Eit ukrainsk fly av typen Antonov An-28 landa i dag i snøvêret på Stord lufthamn.
Flyet kom frå Örebro i Sverige, men turen starta opprinneleg i Ukraina.
Mannskapet ombord kunne fortelje at flyet, som vart bygd i 1991, skal leverast til Venezuela.
Med andre ord er det eit stykke igjen av flyturen, som vil ta fly og mannskap innom Færøyene, Grønnland, Canada og USA før dei når destinasjonen.
Me ynskjer samtlege ombord takk for besøket, og god tur vidare. |