Stordflyet opnar sommarrute til Billund

(28.02.2019) Stordflyet opnar sommarrute til Billund
Stordflyet. Foto: Jan Morten Myklebust
Stordflyet. Foto: Jan Morten Myklebust

I løpet av hausten har Stordflyet jobba med ideen om direkte flyging frå Stord til Billund. Vi trur, at familiar i løpet av sommaren gjerne vil reise på weekendtur til Danmark. Billund er eit paradismekka for bornefamiliar. Byen byr på mykje kjekt som Legoland, Lego House og Lalandia. Vidare er det lett å ta leigebil eller buss til Kolding, Vejle eller Esbjerg, som alle er større danske byar med kaféliv, shopping og attraksjonar, seier Jesper Rungholm, direktør i DAT.

Det er gledeleg at Stordflyet tar nye initiativ, og etter mi meining er Stordflyet på rett spor med ny weekendrute. Eg kan berre oppmode familiar i området om å bakke opp og ta seg en tur til Billund. Flytida til Billund er berre 1 time og 30 minuttar, lyder det frå lufthamnsjefen på Stord Lufthamn, Jan Morten Myklebust.

Ruteprogrammet er klart og det gjeld frå 28. juni og fram til 18. august. Det er avgangar kvar fredag til Billund og retur igjen om søndagen. Rutetidene er tilpassa slik at ein kjem til Billund kl. 18.30, der det då er høve for å ete ein betre kvelds i Legoland eller hoppe rett i badebuksa og bruke ettermiddagen og kvelden i Lalandia.

Billettprisane startar på kr. 499 dersom du kun reiser med handbagasje. Stordflyet har ein eigen avtale på billeg billeige i Billund. Flybillettar kan bookast på stordflyet.no. Vi ventar at mange vil få glede av at der no blir ei direkte rute til Billund", sluttar Jesper Rungholm.

 

Informasjon

Fredag:

DX539 SRP 1700-1830 BLL 28JUN19-16AUG19

Søndag:

DX538 BLL 1400-1530 SRP 30JUN19-18AUG19

[ Gå til nyhetsoversikt ]

[ Gå til nyhetsarkiv ]