Samferdselsminister Jon Georg Dale besøkte Stord lufthamn

Samferdselsminister (til venstre) og lufthamnsjef. Foto : Kjell Kristian Hollund
Samferdselsminister (til venstre) og lufthamnsjef. Foto : Kjell Kristian Hollund
(15.01.2019) Samferdselsminister Jon Georg Dale besøkte Stord lufthamn
Politikarar som tok del i besøket på lufthamna. Foto : Kjell Kristian Hollund
Politikarar som tok del i besøket på lufthamna. Foto : Kjell Kristian Hollund
Samferdselsminister Jon Georg Dale besøkte i dag Stord lufthamn. Ministeren kom med Stordflyet frå Oslo og fekk like etter landing ei orientering om drifta på lufthamna av lufthamnsjef Myklebust.

Lufthamnselskapet er opptatt av at Stord lufthamn også i framtida må få driftsstøtte til lufthamna. Dagens avtale om driftsstøtte med Samf.dep. går fram til og med 2020. Frå og med 2020 er det det nye storfylket Vestland som vil få ansvaret for å yta tilskot til regionale lufthamner utanfor Avinor. Lufthamnstyret ynskjer seg ein ny 5-årig avtale for perioden 2021-2025 vedr. driftstilskot med det nye storfylket Vestland.

Det nye storfylket vil også frå 2020 overta ansvaret for flykjøp (FOT-ruter) på det statlege kortbanenettet. Lufthamnselskapet ynskjer no at Osloruta vert sendt ut på anbod med oppstart 01.04.2020.

Straks etter møtet hasta ministeren vidare til andre møter i regionen.  
[ Gå til nyhetsoversikt ]

[ Gå til nyhetsarkiv ]