Kommunestyret i Stord fekk orientering om drifta på Stord lufthamn

Stordflyet. Foto: Jan Morten Myklebust
Stordflyet. Foto: Jan Morten Myklebust
(19.12.2018) Kommunestyret i Stord fekk orientering om drifta på Stord lufthamn
Styreformann Dag Aksnes og dagleg leiar Jan Morten Myklebust var tirsdag denne veka i rådhuset og orienterte kommunestyret i Stord om drifta av Stord lufthamn.

Trafikkutviklinga på lufthamna er positiv og veksten på Osloruta er på heile 46% pr. utgongen av november i år samanlikna med samme periode i fjor.

Lufthamna treng no hjelp frå eigarane til å finansiera eit nytt kontrolltårn samt ei utviding av terminalbygget.

Frå og med 2020 er det storfylket Vestland som vil få ansvaret for å løyva midlar til drift av Stord lufthamn samt kjøp av flyruter på det regionale kortbanenettet på Vestlandet. I dag er det Samf.dep. som tek hand om desse oppgåvene. 

Representantane frå lufthamnselskapet oppmoda politikarane i Stord om å sjå til at det nye fylket Vestland vidarefører driftsstøtta til lufthamna samt at flyruta Stord-Oslo vert lyst ut på anbod på lik linje med flyrutene i dagens Sogn og Fjordane.
[ Gå til nyhetsoversikt ]

[ Gå til nyhetsarkiv ]