Mange nyttar seg av Stordflyet si Oslorute

Stordflyet. Foto: Jan Morten Myklebust
Stordflyet. Foto: Jan Morten Myklebust
(09.07.2018) Mange nyttar seg av Stordflyet si Oslorute
Stadig fleire vel å nytta Stordflyet når dei skal reisa til/frå Oslo.

Pr. juni i år har 19.062 personar nytta seg av Osloruta. Dette er ein auke på 6.609 personar eller 53% samanlikna med fjoråret.

10. august aukar Stordflyet frekvensen frå 15 til 16 rotasjonar pr. veke. Frå denne dato set Stordflyet inn ei morgonrute på fredagar med avgang frå Stord lufthamn kl. 09.45 og retur frå Oslo kl. 11.15.

Bestill flybillettar her
[ Gå til nyhetsoversikt ]

[ Gå til nyhetsarkiv ]