DOT forlet Stord lufthamn og DAT overtek som flyoperatør på Osloruta

Dot-crew saman med tilsette i lufthamnselskapet. Foto: Kjell Kristian Hollund
Dot-crew saman med tilsette i lufthamnselskapet. Foto: Kjell Kristian Hollund
(19.06.2018) DOT forlet Stord lufthamn og DAT overtek som flyoperatør på Osloruta
I dag overtek Danish Air Transport AS (DAT) som flyoperatør på Osloruta til Stordflyet. Fram til no har det vore det litauiske dotterselskapet DOT som har vore flyoperatør på Osloruta.

Før avgang til Mariehamn på Åland serverte lufthamnselskapet kake på flymannskap og tekniker frå DOT. Lufthamnsjefen takka for det gode samarbeide og den gode regulariteten som flyselskapet har hatt på Osloruta.

DAT kjem i ettermiddag inn til Stord med sitt fly frå København. Også dette flyet er ein ATR-42/500. I praksis betyr dette at flyturen mellom Stord og Oslo går unna på ca. 50 minuttar. Vi ynskjer DAT velkommen tilbake til Stord lufthamn. 
[ Gå til nyhetsoversikt ]

[ Gå til nyhetsarkiv ]