Avslutta pilotkarrieren sin på Stord lufthamn

Våt velkomst. Foto: Magnhild Agdestein
Våt velkomst. Foto: Magnhild Agdestein
(07.06.2018) Avslutta pilotkarrieren sin på Stord lufthamn
Kaptein Aligimantas Silvestras Serpytis hadde i dag sin siste arbeidsdag som kaptein i DOT. Han var kaptein på Stordflyet si rute DX-542 som landa på Stord lufthamn i føremiddag.

På Stord lufthamn stod 2 brannbilar klare og spruta vatn over flyet då kapteinen taksa flyet inn til flyoppstillingsplassen ved terminalen. Etter endt flytur hadde dei tilsette på lufthamna og kollegaer av kapteinen ordna med kake og brus i terminalbygget.

Algimantas starta å fly i 1974 og vart i 2003 den fyrste kapteinen i flyselskapet DOT. Han har jobba i flyselskapet fram til i dag og har til saman 18.500 flytimar.

Vi ynskjer Algimantas lykke til med pensjonisttilværelsen i Litauen og takker han for det gode samarbeidet vi har hatt. 
[ Gå til nyhetsoversikt ]

[ Gå til nyhetsarkiv ]