Jagerflyet Saab Viggen til Stord Airshow

(13.06.2018) Jagerflyet Saab Viggen til Stord Airshow

Hovudattraksjonen til Stord Airshow er på plass.  Swedish Air Force Historic Flight (SwAFHF) kjem til Stord med sitt spektakulære SAAB J37 Viggen jagarfly.

Flyet har tidlegare operert i det svenske flyvåpen, og kjem til å stå på statisk utstilling i tillegg til å fly oppvisning på Stord Airshow.  Med sin etterbrennar (afterburner), blir dette truleg det råaste og mest bråkete innslaget som nokon gong har blitt vist fram på Stord.

I tillegg til Viggen, kjem SwAFHF med ein Cessna Citation jet, som supportfly til statisk utstilling.

[ Gå til nyhetsoversikt ]

[ Gå til nyhetsarkiv ]