Brukarmøte for Stordflyet

Brukarmøte Stordflyet. Foto: Magnhild Agdestein
Brukarmøte Stordflyet. Foto: Magnhild Agdestein
(25.04.2018) Brukarmøte for Stordflyet
Stordflyet og DAT sin businessjet. Foto: Jan Morten Myklebust
Stordflyet og DAT sin businessjet. Foto: Jan Morten Myklebust
Det vart i dag arrangert brukarmøte for Stordflyet. Møtet vart halde på Kværner Stord og DAT og Stord lufthamn fekk her høve til å møta brukarane av Stordflyet.

Stordflyet har nyleg sett inn ein ekstra rotasjon mandag føremiddag og ein ekstra rotasjon på torsdag kveld. Brukarane var svært positive til frekvensauken på Stordflyet, men dei saknar sterkt ein rotasjon til Oslo fredag føremiddag.

Kabinfaktoren på Stordflyet er no god og DAT lova å sjå på om det let seg gjera å auka frekvensen med ein ekstra rotasjon til Oslo på fredag føremiddag.

Etter møtet på Stord drog DAT vidare med sin businessjet til nytt brukarmøte på Bornholm.  
[ Gå til nyhetsoversikt ]

[ Gå til nyhetsarkiv ]