Stordflyet aukar frå 13 til 15 rotasjonar pr. veke på Osloruta

Stordflyet. Foto: Jan Morten Myklebust
Stordflyet. Foto: Jan Morten Myklebust
(23.03.2018) Stordflyet aukar frå 13 til 15 rotasjonar pr. veke på Osloruta

Grunna godt belegg føretek Stordflyet frekvensauke på Osloruta frå og med torsdag 05. april.

Mandag morgon vert det ny avgang frå Stord kl. 10.00 med ankomst Oslo kl. 11.00. Ny avgang frå Oslo kl. 11.30 med ankomst Stord kl. 12.30. Torsdag kveld vert det ny avgang frå Stord kl. 19.40 med ankomst Oslo kl. 20.40. Ny avgang frå Oslo kl. 21.10 med ankomst Stord kl. 22.10.

Flybilletten din kan du bestilla her

Osloruta har den seinare tida utvikla seg svært positivt og dei siste vekene har Stordflyet hatt ein kabinfaktor på over 70%. Nærare 900 personar reiser kvar veke med Stordflyet.

Vi er no i dialog med Stordflyet for å prøva å få til ein morgonavgang til/frå Oslo også på fredagar.  

 

[ Gå til nyhetsoversikt ]

[ Gå til nyhetsarkiv ]