Skuleelev i jobb på lufthamna

Foto : Marianne Torvund
Foto : Marianne Torvund
(27.02.2018) Skuleelev i jobb på lufthamna
Foto : Marianne Torvund
Foto : Marianne Torvund

Terke Fitwi har no hatt praksis på Stord lufthamn i tre veker. Han er 21 år gammal og kom til Noreg frå Eritrea for snart fire år sidan som einsleg mindreårig. Han studerer sal og service ved Bømlo Vidaregåande og har vore utplassert på flyplassen som eit ledd i utdanninga ved skulen.

Terke likar godt å vera sosial og å jobbe med mennesker.

På Stord Lufthamn har han fått prøve seg i resepsjonen, innsjekkskranken og gaten ved boarding. Han har vore særs hjelpsam med ulike førefallande oppgåver som til dømes måking av snø, vasking og tøming av boss.  I tillegg har han vore innom i tårnet og på brannstasjonen, der han såg ut til å vera i sitt ess.

[ Gå til nyhetsoversikt ]

[ Gå til nyhetsarkiv ]