Raskare fly på Osloruta

Stordflyet sin ATR-42/500
Foto: Jan Morten Myklebust
Stordflyet sin ATR-42/500 Foto: Jan Morten Myklebust
(15.02.2018) Raskare fly på Osloruta
Stordflyet har no sett inn ein ATR-42/500 på Osloruta. Dette flyet går noko raskare enn ATR-42/200 flya som har trafikkert Osloruta dei seinare åra.

Flyet som no er stasjonert på Stord flyg turen over fjellet til Oslo på ca. 50 minuttar. Dette er 10 minuttar raskare enn kva ATR-42/200 flya klarte.

Flyet med registrering OY-RUF vert truleg stasjonert på Stord lufthamn ei tid framover. Flyet har 48 passasjerseter medan flya som tidlegare trafikkerte Osloruta hadde 46 passasjerseter.
  
[ Gå til nyhetsoversikt ]

[ Gå til nyhetsarkiv ]