Positiv trafikkutvikling for Osloruta i 2017

(26.01.2018) Positiv trafikkutvikling for Osloruta i 2017
29.411 personar nytta seg i 2017 av Stordflyet si rute til/frå Oslo. Samanlikna med 2016 utgjer dette ein auke på 3.688 reisande eller 14,3%. Den positive trafikkutviklinga i 2017 førte til at Stordflyet auka frekvensen på ruta frå 10 til 13 rotasjonar pr. veke. Halvparten av dei reisande er forretningsreisande og halvparten er privatpersonar.

I løpet av 2017 reiste 35.133 personar med fly over Stord lufthamn. Samanlikna med 2016 er dette ein reduksjon på 7.698 personar eller 18%. Grunnen til dette er at Kværner Stord AS i løpet av året hadde ein stor nedgong i antall flygingar til/frå Molde med personell som jobba på Ormen Lange Prosjektet på Aukra. 

Det er i 2017 registrert 8.330 flyrørsler i luftrommet til lufttrafikktenesta på Stord lufthamn. Samanlikna med 2016 er dette ein reduksjon på 919 flyrørsler eller 9,9%. Grunnen til reduksjonen er mykje dårleg vær og mindre småflyaktivitet.

Lufthamnadministrasjonen jobbar i 2018 for ytterlegare frekvensauke på Osloruta samt at ein prøver å få til charterflygingar til destinasjonar som næringslivet ynskjer.   

[ Gå til nyhetsoversikt ]

[ Gå til nyhetsarkiv ]