Positiv trafikkutvikling på Osloruta

(10.11.2017) Positiv trafikkutvikling på Osloruta
Stadig fleire vel å nytta seg av Stord lufthamn og Stordflyet når dei skal reisa til Oslo.

Pr. oktober i år har 23.446 nytta seg av flytilbodet til Stordflyet. Samanlikna med samme periode i fjor utgjer dette ein auke på 2.290 reisande eller 10.83%. Kabinfaktoren på flygingane ligg på nærare 70%.

Stordflyet har no auka frå 10 til 13 rotasjonar pr. veke på Osloruta.

Talet på privatreisande er stadig aukande. Halvparten av dei reisande er no forretningsreisande og den andre halvparten er privatreisande. 

Lufthamnadministrasjonen har jevnlege møter med DAT vedr. frekvensauke og håpet er at flyselskapet no vel å auka frekvensen på Osloruta ytterlegare. Ein morgonavgang fredag står høgt oppe på ynskjelista.
[ Gå til nyhetsoversikt ]

[ Gå til nyhetsarkiv ]