8% trafikkvekst på Osloruta

Stordflyet. Foto: Jan Morten Myklebust
Stordflyet. Foto: Jan Morten Myklebust
(23.08.2017) 8% trafikkvekst på Osloruta

Etter fleire år med tøffe tider for industrien på Stord, noko som også råka Stord lufthamn, er det no gledeleg å kunna registrera at stadig fleire vel å nytta Stordflyet og den lokale lufthamna når dei skal ut og fly. 

Ved utgongen av juli månad har det reist 13.697 personar med Stordflyet til/frå Oslo, mot 12.721 same periode i fjor. Trafikkveksten er såleis på 976 passasjerar eller 8%. Ekstra gledeleg er det å sjå at stadig fleire privatreisande vel å nytta seg av det lokale flytilbodet. Fordelinga mellom forretningsreisande og privatreisande er no 50/50. 

Som fylgje av den positive trafikkutviklinga vil DAT no auka opp frekvensen på Osloruta. Allereie frå torsdag 24. august aukar flyselskapet frå 2 til 3 rotasjonar på torsdagar. I tillegg vert det aukafrå 1 til 2 rotasjonar på fredagar og sundagar i vinterprogrammet som startar opp 29. oktober. I haustferien i år vert vekeprogrammet som tidlegare år delvis redusert, men også her vert det som eit ekstra tilbod sett opp 2 rotasjonar på fredagar og sundagar. I vinterferien 2018 vil flyselskapet flyga normalt flyprogram med 13 rundturar pr. veke. Dersom den positive trafikkutviklinga held fram vil DAT og Stordflyet vurdera ytterlegare frekvensauke på Osloruta.

Kværner Stord sine flygingar med Widerøe til Molde i forbindelse med arbeidspendling til Aukra og Ormen Lange Prosjektet vert truleg avslutta i starten av oktober.  

Regularitet og punktlighet på flygingane til Stordflyet og Widerøe har vore god.

Me ynskjer å takka alle som vel å nytta seg av Stord lufthamn når dei skal ut å reisa, om det så er ein tur til Oslo eller vidare ut i verda.

Kvifor skal ein så velga å fly over den lokale lufthamna ?

Jo, me er tross alt den raskaste vegen til Oslo, eller vidare ut i den store verda. Via OSL når du mange destinasjonar i inn- og utland. Me har gratis bilparkering, rask innsjekk, frukost på morgonflya og ikkje minst er du raskt heime i godstolen att ved retur. Velkommen til Stord lufthamn !

[ Gå til nyhetsoversikt ]

[ Gå til nyhetsarkiv ]